Folkemusikk ved Newcastle University

"Eg har fått nye impulsar, funne ut meir av kva eg vil gjere når eg kjem tilbake til Noreg og lært meir om meg sjølv (sjukt klisjé ting å seie, men det er sant). Håpar du vurderer å dra på utveksling, det er berre å søke!"

Hvem er jeg?

Eg heiter Embla, er 21 år, går siste året på bachelor i folkemusikk ved Campus Rauland og for tida er eg på utveksling ved Newcastle University i nord-aust England.

Fasiliteter på campus

Universitetet ligg veldig sentralt, rett ved ein metrostasjon og ei av dei største handlegatene i byen. Newcastle er ikkje ein kjempestor by, så det er enkelt å kome seg rundt med både buss, metro og til fots. Og det er eit hav av ting å finne på på fritida i Newcastle! På universitetet er det mange Societies og ein Student union. I Student unionen sin bygning finn ein fleire kafear og pubar, der ein kan sitje å arbeide eller ha det kjekt med vener. I kjellaren er det av og til vintage marknad eller andre arrangement. I starten av semesteret er det Society fair kor ein kan få info og melde seg på. Det fins Societies for nesten kva som helst! Fin måte å få seg venar som studerer andre ting. Som utvekslingsstudent får ein moglegheit til å melde seg på Buddy Scheme før ein kjem til Newcastle, dei arrangerer turar og andre arrangement for utvekslingsstudentar for å bli kjende med kvarandre og nærområdet.

Eg har reist ein del på eiga hand, som er veldig enkelt. Togsambandet er veldig bra, lett å kome seg rundt og ikkje for dyrt. Liker veldig godt å dra til Skottland, har vore i både Edinburgh og Glasgow for å besøke vener. Når eg flyr til og frå Noreg flyr eg som oftast frå Edinburgh, då det ikkje går direktefly frå Newcastle + det er mykje dyrare å fly frå Newcastle. I området rundt Newcastle er det fine turmoglegheiter, ein kan lett ta metroen ut til havet og gå på lange sandstrender. Veldig deilig å kome seg ut av byen i blant og ta ein pause. Det er også nokre parkar i byen, ein ligg like ved universitetet. Det ligg også fleire veldig bra galleri i byen, dersom ein likar å sjå på kunst, blant anna Baltic og Laing Art Gallery. Baltic ligg rett ved Sage Gateshead som er ei stor konsertscene på andre sida av elva (30 min å gå frå universitetet), på Sage kan ein ofte få studentpris på billettar og alle på folkemusikk har ensembleundervisinga si der.

Det er fleire sessions på pubar her. Folkemusikkstudentane har ein fast session kvar torsdag, der ein samlast og spelar saman nokre timar på kvelden. Det er veldig kjekt å lære nye låtar på ein slik avslappa måte, men ein kan også berre sitje å høyre på om ein vil. Ein vert også godt kjent med sine medstudentar på den måten. Mine medstudentar her er heilt fantastiske, eg har fått venar for livet som eg kjem til å sakne mykje! Me finn på mykje sosialt ilag, og ein har alltid noko å gjere.

Hvordan bodde jeg?

Eg var veldig heldig då eg skulle finne bustad i Newcastle. Ei venninne av meg som studerer i Newcastle var på utveksling på Rauland førige semester og tipsa meg om nokon ho kjenner som leiger ut eit rom i huset sitt. Eg leiger no privat hjå ein familie 4 minutts gange frå universitet. Det er fleire studentbustadar rundt om i byen, og ein får hjelp av universitetet til å finne bustad etter ein har søkt. Dersom ein ikkje får plass på studentbustadane kan dei hjelpe med å finne privat bustad.

Var det kulturforskjeller?

Det er ikkje så store kulturskilnader mellom Noreg og England, det einaste eg kan komme på er at i starten syns eg at dei var veldig høflige her. Dei er fortsatt veldig høflige, men eg har skjønt at mykje av det berre er innøvd vane og del av vanleg helsing ofte. Folk er veldig imøtekommande å hjelpsame.

I starten var det litt vanskelig med alle forelesingar på engelsk, men no går det veldig bra. Plutselig ein dag merka eg at eg hadde byrja å tenke på engelsk og her forleden dag byrja eg å drøyme på engelsk. Det kan av og til vere litt vanskelig å skrive på akademisk engelsk, men ein kjem kjapt inn i det. Dersom ein har behov for det kan ein ta gratis språktimar på universitetet, men det er ikkje obligatorisk. Alle utvekslingstudentar må ta ein engelsktest når ein kjem til Newcastle, berre så universitetet veit kva nivå ein ligg på og om det er behov for ekstra hjelp. Ein kan også få god hjelp av Wellbeing tenesta her dersom ein slit med noko stort eller lite, dersom ein berre er litt stressa for eksamen og treng nokon å snakke med eller dersom ein har større psykiske problem får ein hjelp.

Systemet på universitetet er veldig strukturert, ein må sende inn skjema dersom ein er bortreist, treng å utsetje noko, blir sjuk osv. Dersom ein vil snakke med ein forelesar må ein booke møte via eit bookingsystem, det same gjeld for lån av instrument og utstyr eller booking av øvingsrom. Ein må også sjekke inn til kvar forelesing med studentkortet sitt, for å unngå fråvær.

Hvordan var studiet?

Her i Newcastle er eg ein del av Folk and traditional music degree, og har fag både med 1., 2. og 3.års studentar. Dei to utøvande faga eg tek er hovudinstrument og ensemble og er ilag med 2. året. Mine teoretiske fag er “Traditions of these islands”, “Gender and identity in folk music” og “The folk revival”. “Traditions of these islands” har eg ilag med 1. års studentar her og er eit veldig grunnleggande fag om korleis tradisjonsmusikken på dei britiske øyer er, eg merkar stor skiland på det akademiske nivået på det og dei to andre teoretiske faga mine som eg tek med 3. året her. Eg har fått velge fag sjølv, etter mine interesser, men har fått litt rettleiing av forelesarar her for å finne ut kva som er mogeleg å kombinere og som eg vil ha mest utbytte av. Mesteparten av faga eg tek går over to semester, sidan eg berre er her eitt semester har forelesarane og min kontaktperson her saman funne ut løysingar for korleis eg skal bli vurdert og få karakter.

Undervisinga består for mesteparten av forelesingar og innimellom har me seminar med mindre grupper og forelesarar der ein diskuterer tekstar ein har lest, lærer songar/låtar eller dans. Alle forelesingane vert tatt opp på “reCap” og lagt ut på læringsplattforma så ein kan høyre opp att, dersom ein ikkje har fått med seg alt. Seminara vert ikkje tatt opp, men ein får der god moglegheit til å diskutere ilag med dei andre, som for meg har vore veldig nyttig for å få større forståing av faget. Det er fleire døgnopne bibliotek som høyrer til universitetet med gode moglegheiter for å gjere både gruppearbeid, lese eller jobbe på eiga hand.

Anbefaler jeg utveksling?

Eg anbefaler alle som kan å reise på utveksling til Newcastle University. Det er ein fin by, med eit bra universitet, gode forelesarar og fantastiske medstudentar. Ein får opplevingar for livet, kanskje vert det ikkje heilt slik ein ser for seg, men forhåpentlegvis vert det betre. Eg har fått nye impulsar, funne ut meir av kva eg vil gjere når eg kjem tilbake til Noreg og lært meir om meg sjølv (sjukt klisjé ting å seie, men det er sant). Håpar du vurderer å dra på utveksling, det er berre å søke!
Les mer om Newcastle University (NCL)
Dette reisebrevet handler om
done NCL
done Storbritannia og Nord-Irland
done Folkemusikk

Sjekk ut alle stedene du har mulighet til å dra med utvekslingsvelgeren