Samarbeidsbasert forsking

Nav og USN samarbeider om praksisnær forsking som styrkjer kunnskapsgrunnlaget for utdanning og yrkesutøving.

Arbeidsgruppa skal leggja til rette for kunnskapsdeling, identifisera behov for samarbeid om forsking og stimulera til samarbeid på utvalde område.

Aktiviteten er ei konkretisering av hovudområde B i samarbeidsavtala: "Partane vil samarbeide om praksisnær forsking  som styrkjer kunnskapsgrunnlaget for utdanning og yrkesutøving og samarbeide om utvikling og innovasjon som bidreg til omstilling".

Dette er målgruppa:

  • Koordinatorar i ungdomsnettverka og integreringsnettverka i Nav
  • Forskarar som forskar innan temaet “utanforskap blant unge (under 30 år) og personar med innvandrarbakgrunn frå ikkje-vestlege land”
  • Brukarar
  • Representantar frå KS som jobbar med utanforskap og inkludering
  • Representantar frå fylkeskommunane som jobbar med integrering og opplæring
  • Folkehelserådgjevar/-koordinator ved kommunar i Vest-Viken og Vestfold og Telemark fylke

 

Innspill fra workshop på arbeidsverksted om ungt utenforskap
Arbeidsverkstad 2023

I februar 2023 arrangerte vi ein arbeidsverkstad. Der delte vi erfaringar og kunnskap om, og dessutan synspunkt på:

  • moglege årsaker til at så mange innbyggjarar i regionen verken er i utdanning eller arbeid.
  • tiltak som bidreg til at fleire startar og gjennomfører utdanning og etablerer ei varig tilknyting til arbeid.

Arbeidsverkstaden gav prosjektgruppa grunnlag for å identifisera behovet for vidare samarbeid.

Formålet er å bidra til ytterlegare kunnskapsutvikling på området.

Arbeidsverkstaden blir følgt opp med ein rapport.

Tilgrensande prosjekt og samarbeid:

Kontaktperson:

Åsne Håndlykken-Luz,  USN