Flyktningar med høgare utdanning. Kva skal til for å få jobb?

gruppebilete av deltakarane

Kvifor er det så vanskeleg å få arbeid for høgt utdanna flyktningar i eit land som skrik etter kompetent arbeidskraft, var tema på workshop.

Dette var eit av mange spørsmål som vart diskutert på ein USN-leia workshop i Drammen tysdag 21. mai 2024. Om lag tretti representantar frå ulike sektorar deltok på workshopen som var finansiert gjennom interne såkornsmidlar knytt til USN sitt samarbeid med NAV.

Berre 1 av 5 er i jobb

Bakgrunnen for workshopen heng nært saman med straumen av ukrainske flyktningar som har komme til Noreg sidan februar 2022. Talet på ukrainske flyktningar som har søkt om kollektiv vern her i landet nærmar seg 80.000. I følgje tal frå SSB, er 2/3 av desse i arbeidsfør alder.  

Samstundes viser same tal at berre 1 av 5 er i arbeid per november 2023. Dette til trass for at ein NIBR-rapport syner at om lag 80 % av ukrainarane som har komme til Noreg, anten har fullført eller er i gong med høgare utdanning.

– Med workshopen ønska vi å legge til rette for diskusjonar om kva for tiltak som skal til for at flyktningar med høgare utdanning skal komme seg inn på det norske arbeidsmarknaden, seier post.doc. ved Institutt for kultur, religion og samfunnsfag Sanna Toiviainen, som sto som arrangør for workshopen i lag med institutt-kollega og stipendiat, Anette Vaage Slåtto og førsteamanuensis ved institutt for økonomi og IT, Anne Gry Gudmundsdotter.

Sistnemnde har også leia ei arbeidsgruppe for flyktningar med kollektiv vern som ein del av samarbeidet mellom USN, NAV og  Vestfold, Telemark og Buskerud Fylkeskommune.

Eit av tiltaka arbeidsgruppa har jobba med er eit innføringskurs i økonomi for flyktningar med økonomiutdanning.

– No er vi interessert i å undersøke om dei tiltaka vi har satt i gang, reint faktisk har førd til høgare arbeidslivsintegrering. Det kan tyde på at norske myndigheiter har hatt urealistiske forventingar om kor enkelt det skal vere for flyktningar med høgare utdanning å få seg jobb. Workshopen er første steg i arbeidet med ein større forskingssøknad der vi ønsker å sjå nærare på dette, fortel Gudmundsdotter.

Ønske om mangfald men liten vilje til endring

Deltakarane på workshopen kom hovudsakeleg frå NAV, Fylkeskommunen, UH-sektoren, ulike kommunar og ideelle organisasjonar, i tillegg til representantar frå målgruppa sjølv.

Anette Vaage Slåtto fortel at ho er glad for at dei klarte å samle deltakarar med så ulik erfaringsgrunnlag og kompetanse, men at det var vanskeleg å komme i kontakt med arbeidsgivarar som var interessert i å delta.

– Dette speiler kan hende noko av utfordringa flyktningane sjølv står ovanfor?

Ho viser til at ein problemstillingane som vart diskutert på workshopen, nettopp var at mange arbeidsgivarar seier dei er opptatt av mangfald men likevel ofte viser liten vilje til endring:

– Det er viktig at arbeidsgivarar gjer seg tilgjengelege og er opne for søkarar som har utdanning og erfaring frå eit anna land, slår ho fast.

Bilete av psykolog Ajla Terzic ved presentasjon på storskjerm

Tap av yrkesidentitet blant flyktningar

Deltakarane på workshopen fekk også høyre eit innlegg av psykolog ved Favne, Ajla Terzic, om yrkesidentitet blant flyktningar med akademisk bakgrunn.

Terzic, som sjølv har bakgrunn som flyktning, fortalte om eigne erfaringar med å få jobb som psykolog i Noreg. Ho viste til at tap av yrkesidentitet, er noko mange på flukt opplever og må handtere.

Dette kjem i tillegg til at dei må tilpasse seg i eit nytt land, lære eit nytt språk og kanskje handtere traumer i frå krig og flukt.

– Det å få moglegheita til å bruke kompetansen sin og dyrke sin profesjonelle identitet, er svært viktig også for menneskjer på flukt. Å få jobbe innan sitt eige fagfelt kan til og med fungere som ein form for terapi og gje ei pause frå traumer ein har vore utsett for, fortel Terzic.

Ho legg til at sjølv om flyktningar sjølv har ansvar for å lære seg språk og vise fram sin kompetanse, ligg også mykje av ansvaret hos arbeidsgivarar som i dette tilfelle er dei som har mest makt.

Språk i kombinasjon med arbeid

Deltakarane på workshopen diskuterte mellom anna kva dei ser på som dei største hindringane for at flyktningar med høgare utdanning kjem i jobb og kva som skal til for å lykkast med ei høgare grad av arbeidsinkludering for denne gruppa.

Ein av deltakarane som hadde mykje på hjartet var Olena Shvets frå Ukraina. Ho seier ho er glad for å kunne deile sine erfaringar og komme med innspel på kva ho meiner vil gje flyktningar i same situasjon som seg sjølv moglegheit til å få jobb. Sjølv jobba Shvets ved Kyiv University of Economics and Law før ho kom til Noreg.

– Etter mi mening er språk den største utfordringa for å få jobb. Ei løysing ville vere lengre språkopplæring i kombinasjon med arbeid slik at ein både kan bli flinkare i norsk og samstundes skaffe seg eit nettverk. Sjølv var eg heldig og fekk arbeidspraksis ved USN i 10 månadar, noko som seinare resulterte i ei prosjektbasert stilling. Å kunne vise til slik erfaring på CV’en har hatt mykje å sei for meg som jobbsøkar i Noreg. Eg meiner fleire burde få denne moglegheita, avsluttar ho.