• Om USN
  • EDUC
  • EDUC – for teknisk-administrativt tilsette

EDUC – for teknisk-administrativt tilsette

USN & EDUC. Logo

Del kunnskapen din og lær ny mønsterpraksis.

Det er ikkje berre mellom studentar, lærarar og forskarar at EDUC-alliansen fremjar intereuropeisk utveksling. Målet er òg å støtte og fremje teknisk/administrativt tilsette ved våre åtte universitet.

EDUC handlar om samarbeid og læring frå kvarandre på alle område. Difor tilbyr vi òg nye høve for teknisk/administrativt tilsette. Med EDUC kan du finne mønsterpraksis innafor alliansen, dele det du veit du gjer godt, og finne nye måtar vi kan møte utfordringane i vår tid saman på.

EDUC Alliance – Learn and share together

Språkkurs for tilsette

Gjennom våre Staff Language Programme gjev EDUC deg ein moglegheit til å forbetre dine dugleiker innan framandspråk, anten det er engelsk eller eit anna språk frå alliansen (fransk, italiensk, ungarsk, tysk, spansk, tsjekkisk og norsk). Fullført kurs fører fram til eit kompetansebevis som dokumentasjon.

Staff Language Programme består av tre komponentar:

  • Introduksjonssesjon: To timar online introduksjonssesjon om programmet og interkulturell kommunikasjon (obligatorisk)
  • E-tandem-program: Tolv møter (obligatoriske) med ein tilsett frå eit universitet av EDUC-alliansen for å øve på eit språk du vel
  • Digitalt sjølvstudium: 30-timar langt (valfritt) kurs på engelsk for deltakarar som ønskjer ei fordjuping i interkulturell kommunikasjon.

I pilotfasen i 2024 opnar vi programmet for åtte administrative tilsette frå kvart universitet.

Les meir om Staff Language Programme (educalliance.eu)

 

Mentor- og lærlingordning

EDUCs mentor- og lærlingordning samanfører to tilsette – ein mentor og ein lærling (engelsk: mentee) som arbeider innan same fagfelt ved to ulike EDUC-universitet. Målet er å fremje fagleg utvikling og karrierevekst, samtidig som ein byggjer ein inkluderande europeisk kultur og utvidar nettverk.

I pilotfasen i 2024 er rekrutteringa open for administrativt tilsette frå internasjonale kontor og europeiske prosjektkontor.

 

(Skjemaa for påmelding vart stengde etter fristen 1. april)

 

Les meir om ordninga: EDUCs mentor- og lærlingordning for tilsette (usn.no)

Jobbskygging / mobilitet (Staff Weeks)

EDUC arrangerer jamnleg tematiske «staff weeks» berekna på ulike grupper av teknisk-administrativt tilsette, på tvers av dei åtte universiteta. Målsetjinga er å skape nettverk på tvers av universiteta og lære av kvarandre.

Dette inneber fysisk mobilitet til partnarane og blir støtta gjennom Erasmus+ sitt stipend for tilsettmobilitet.

Oversikt over kommande «Staff Weeks»: EDUC Alliance (educalliance.eu)

Samarbeid på tvers (Interoffice cooperation)  

Nokre administrative einingar er valt ut til å samarbeide tettare på tvers av EDUC-universiteta for å utarbeide felles praksis på fleire område. Dette gjeld internasjonale kontor, bibliotekene, språksenter (Institutt for språk og litteratur på USN), studentsørvis og bærekraftsenter (Senter for bærekraftig omstilling på USN). 

Meir informasjon vil følgje i løpet av vinteren 2023/2024.

Verda di vart akkurat større.

EDUC-alliansen vart oppretta i 2019, og USN kom om bord i 2022. Vi arbeider fortsatt med å etablere ny infrastruktur og innovative løysinger, som snart, og i aukande grad, vil gjere det mogleg for USN-tilsette å samarbeide med og flytte seg enkelt mellom EDUC-alliansen sine åtte universitet.

Hausten 2024 skal mye vere på plass, og det vil markere et vasskille for vår deltaking i EDUC.

Følg @EDUCUniverCity