EDUC – for studentar

USN & EDUC. Logo

Du studerer ikkje berre ved eitt universitet.

Gjennom alliansen kan studentar byggje pensum i tråd med eigne ønske og idear, nyte godt av europeiske universitetsstrukturar og teknologisk framgang i tillegg til å bli kjende med andre land og kulturar.

  • Ønskjer du utveksling gjennom EDUC? Ta kontakt 

EDUC tilbyr allereie mange alternativ frå bachelor- til doktorgradsnivå, innan eit breitt spekter av fag. Sidan alle EDUC-universiteta har ulik semesterstart, og sidan vi er ein så mangfaldig allianse, blir tilbodet kontinuerleg oppdatert i løpet av semesteret.

EDUC Alliance – Find your own student journey

EDUC studentråd (Student Board)

Studentleiar Nora R. Houidi i Studentdemokratiet i Søraust-Noreg (SDSN) er USNs studentrepresentant i EDUC Student Board – studentrådet til universitetsalliansen European UniverCity (EDUC). 

Les meir: Nora representerer USN-studentane i EDUC (usn.no)

EDUC kurskatalog

EDUC opnar opp for nye studiemoglegheiter i Europa med nettkurs og blanda læring.

USN kjem sterkare på banen frå hausten 2024, men du kan allereie no sjekke ut kurskatalogen og oppdage det mangfaldige utvalet: 

Tips: I menyen til venstre kan du filtrere søket ditt. Heilt nedst kan du avgrense søket til Only accessible courses, altså for å vise berre komande kurs.

EDUC språkkurs

Vil du reise til Frankrike, Ungarn, Tsjekkia, Italia, Spania eller Tyskland, men har inga aning om korleis du skal bestille ein kaffi der? Då er eit språkkurs ved eitt av våre universitet noko for deg.

EDUC-universiteta tilbyr regelmessig språkkurs i deira respektive nasjonalspråk og på ulike nivå.

På denne sida vil du etter kvart finne aktuelle høve til å forbetre språkkunnskapane dine eller starte på ei ny språkreise.

EDUC sommar- og vinterskular

Anten det er fysisk, digitalt eller i ei kombinert læringsform: Sommar- og vinterskular frå universiteta i EDUC fremjar internasjonal utveksling mellom studentar med ei varigheit frå éin til seks veker. 

Deltakarane blir med på språkkurs eller utvidar kunnskapen sin innan eit breitt spekter av spesialtema på ein individuell måte. Til slutt, men ikkje minst, vil du få unike innsikter i andre livsstilar og kulturar.

USN-studentar finn meir info og kan melde seg på EDUC sine sommerskolar i 2024 på vårt intranett (min.usn.no)

Sjekk ut vårt eksempel på ei studentreise (Student Journey) med EDUC under. 

Finn fram eit forstørringsglas, eller berre last ned ein pdf-versjon av vår Student Journey her.

modell som viser muligheter for hvordan USNs studenter kan lene seg på EDUC gjennom studieløpet. Verda di vart akkurat større.

 

Ønskjer du utveksling gjennom EDUC? Ta kontakt 

EDUC-alliansen vart oppretta i 2019, og USN kom om bord i 2023. Vi arbeider fortsatt med å etablere ny infrastruktur og innovative utvekslings- og kursopplegg, som snart, og i aukande grad, vil gjere det mogleg for USN-studentar å flytte seg enkelt mellom dei åtte universiteta i EDUC.

Hausten 2024 skal mykje vere på plass, og det vil markere et vasskille for vår deltaking i EDUC og for studentmobilitet ved USN.

Følg @EDUCUniverCity