Kva skjer i Hallingdal?

Ungdom på fjelltur i Hallingdal
Fjelltur i Hallingdal.
Fra Fårefestivalen
Frå Fårefestivalen.
Fra Goldagan
Fra Goldagan.

Anten du er ny student eller har budd her ei stund, er det spennande å utforske aktivitetane og opplevingane Hallingdal har å by på. Regionen er kjend for den vakre naturen og eit mangfald av aktivitetar.

Vinteraktivitetar

Om vinteren kan du boltre deg i alpinanlegg i verdsklasse på Geilo eller i Hemsedal, bratte toppturar på ransdonee-ski eller du kan nyte lange turar innover fjellheimen på langrenn.

Ein tur på Hardangervidda er også innan rekkjevidd som student i Hallingdal. Om sommaren kan du nyte fjella til fots eller på sykkel, dra på fisketur i dei klare elvane, eller prøve deg på klatring og andre spennande aktivitetar i den allsidige naturen.

Kultur

Hallingdal byr også på eit rikt kulturliv. I regionen er det mange moglegheiter for å utforske lokalhistorie, folkemusikk og tradisjonsdans.

Du kan besøkje museum og galleri som Hallingdal Museum og Leveld Kunstnartun, som garantert vil inspirere deg. Er du interessert i musikk og utøvande kunst kan kanskje konsertar, festivalar og teaterframsyningar freiste? Ål kulturhus er ein av stadene som byr på kulturelle opplevingar, i tillegg til dei lokale scenene med artistar som Hellbillies, Daniel Kvammen og Stein Torleif Bjella.

Studentmiljø

Er du interessert i å bli kjent med andre studentar og engasjere deg i studentmiljøet? Hallingdal vil sørgje for ein mellombels studentorganisasjon som tek deg imot frå første stund med aktivitetar som idrett, kultur, friluftsturar og sosiale arrangement. Ta kontakt med oss om du ønskjer å involvere deg eller bli involvert på campus@hallingdal.no.

Same kva dine interesser er, vil du garantert finne noko å gle deg over i Hallingdal. Utforsk det spennande aktivitetstilbodet regionen har å by på, og nyt di tid som student i hjartet av Noreg.

Sjå også nettsidene:

keyboard_backspace Kva skjer i Hallingdal?

keyboard_backspace Fritid Hallingdal