Skandinavias klimasoner kan ha noko å seie for virus i flått

bilete av flått
(Foto: Colourbox)

Skogflåttencefalittvirus (TBE-virus) finnast i flått langs kysten i Noreg. I nabolanda våre derimot har forskarar også påvist viruset i høgda og innlandet. 

Skogflåttencefalitt er ein virusinfeksjon som kan påverke sentralnervesystemet. Infeksjonen kan oppstå etter smitte av TBEV (TBE-virus), overført ved flåttbit.
 
Sjukdommen er nok ikkje like kjend som bakterieinfeksjonen borreliose som er mykje vanlegare i Noreg, men førekomsten har auka i Skandinavia dei siste åra.

Det har den siste tida vore mange medieoppslag om nordmenn som har vorte smitta av viruset, og nyleg melde NRK om det første kjende dødsfallet.


— Det er den same flåttarten som overfører begge sjukdommane, men skogflåttencefalitt er eigentleg meir alvorleg enn borreliose fordi du ikkje kan behandle han, seier Åshild K. Andreassen. Ho er seniorforskar ved Folkehelseinstituttet og professor 2 ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN).


Ho har vore hovudvegleiar på ei fersk doktorgradsavhandling om skogflåttencefalittvirus i Skandinavia.


Sjukdommen har dei siste åra vorte vanlegare langs kysten frå Agder til Buskerud og sørover i Østfold, og i 2023 vart det sett ny rekord med 131 registrerte tilfelle i Noreg.

LES ÒG: Flåtten har inntatt høyfjellet

Sjekka flått i Noreg, Sverige og Danmark


Sørover i Europa har ein sett at viruset har bevega seg meir oppover i høgda og inn i landet på grunn av klimaendringane. Forskarane har vore spente på om det same skjer i Skandinavia. 


Derfor har norske forskarar saman med svenske og danske kollegaer studert utbreiing av både flått og smittestoff. 


Dei samla flått frå 11 område i Sør-Noreg, 9 område i Sør-Sverige og 30 område i Danmark, til saman 50 område dei tre landa. Forskarane fann viruset i 20 av områda, og meiner det er ein indikasjon på at det finst mykje TBE-virus i den sørlege delen av Skandinavia. 

Bilete av innsamling av flått


Luftfukt kan ha noko å seie


Eit spennande funn var at førekomsten av viruset såg ut til å ha ein samanheng med luftfukta, altså at høgare luftfukt kan vere gunstig for viruset. 


— Vi ser at viruset er utbreidd i heile sør-Sverige og Danmark, men berre langs kysten i Noreg. Det ser ut som om klimaet kan vere ein medverkande faktor for kor mykje virus vi kan finne i flåtten, seier Åshild K. Andreassen.

Skandinavia er delt inn i fleire klimasoner og det kan sjå ut som om desse kan vere med på å påverke utbreiinga av viruset i Skandinavia.

Åshild K. Andreassen har vore rettleiaren til Alaka Lamsal. Bilete av dei saman.
I den ferske doktorgradsavhandlinga sin skriv stipendiat Alaka Lamsal at TBEV-infiserte flått er utbreidd i Øresund-Kattegat-Skagerrak-regionen i Noreg, Sverige og Danmark. Denne kystregionen består hovudsakleg av lågland.


— Likevel fann vi ingen reinsdyr som testa positivt på TBE-viruset i meir alpine og innlandsområde. Det kan tyde på at viruset kanskje ikkje har nådd desse områda. Dette er noko som må undersøkjast vidare, seier Lamsal.

Doktorgrada hennar består av fire ulike studiar, som ser på ulike aspekt av TBE-viruset i Skandinavia.

— I den eine studien fann vi at viruset har spreidd seg til nye område, som langs Oslofjorden i Noreg og øvste delar av Skåne fylke i Sverige i tillegg til at vi fann viruset i flått i heile Danmark, fortel Lamsal.