Kroppsøvingssamarbeid med Sør-Korea

sørkoreansk kvinne i en bjørkeskog langs en hvitveiskledd sti
LISLEHERADMARKA: Sørkoreanske studenter i Semsøyene naturreservat i Notodden. (Foto: Geir Grimeland / USN) Kopirett: USN Kopirett: USN

Nye læreplan- og lærarutdanningsreformer er under innføring i Noreg og i Sør-Korea. I samband med dette har USN og Incheon National University inngått eit samarbeid som skal gi ny kunnskap for fornying av kroppsøvingsfaget i begge land.

Det toårige mobilitetsprosjektet «Making physical education sustainable for the future (FUTURE-PE)» er finansiert gjennom Erasmus+ og skal bidra med ny kunnskap for fornying av kroppsøvingsfaget i skulen. Dette er særleg relevant i samband med dei nye læreplanreformene som er under innføring i Noreg og i Sør-Korea, og dessutan dei nye lærarutdanningsreformene i dei to landa.

Norsk friluftsundervisning og friluftspedagogikk er unikt i sørkoreansk samanheng. På same måte er den sør-koreanske utforskande pedagogikken og tradisjonen med eigne, skuledrivne idrettsklubbar som fritidsaktivitet, unikt i norsk samanheng.

– Ein grunnstein

– Dette prosjektet vil fungere som ein grunnstein for å byggje samarbeidsrelasjonar innan høgare utdanning mellom Noreg og Sør-Korea. Dei samla resultata våre vil bli delte ope, og dei vil vere gunstige for andre høgare utdanningsinstitusjoner, seier professor Jorunn Spord Borgen (usn.no) som koordinerer prosjektet for USN.

FUTURE-PE byggjer vidare på tidlegare samarbeid mellom professor Borgen og professor Keejoon Yoon (researchgate.com) frå INU, som begge bidreg i ekspertgruppa for kroppsøving/physical education innanfor det pågåande OECD-prosjektet «Future of Education and Skills 2030 - Organisation for Economic Co-operation and Development» (oecd.org).

OECD står for Organisation for Economic Co-operation and Development og er ein internasjonal organisasjon som blant anna jobbar med å fremje politikk innanfor utdanning internasjonalt.

Skaper opplevingar

No skal studentar og undervisarar ved begge universitet nyte godt av opplevingsbaserte besøk hos kvarandre. 

– Prosjektet vårt skaper opplevingar – både direkte og indirekte – med kroppsøving på tvers av utdanningskulturar og -system. Dette inkluderer studiar av læreplanar, didaktiske praksisar, studentaktivitet og dessutan internasjonal utveksling av forskingsbasert kunnskap og praksis innan kroppsøvingslærarutdanning, forklarer professor Borgen.

norske og sørkoreanske personer på tur, posererende ved en iøynefallende konstruksjon i naturmaterialer. Foto29. april til 3.mai var professor Yoon og ei gruppe kroppsøvingslærarstudentar frå den sør-koreanske partnaren vår på eit korttids mobilitetsopphald på USN campus Notodden. 

– Dette var eit flott høve til å forstå kroppsøvingsundervisning og -utdanning i norsk kontekst. Eg fekk fleire forfriskande idear til korleis kroppsøving kan gjerast annleis i Sør-Korea for å betre lykkast med ei berekraftig utvikling. Eg set verkeleg pris på alle fagpersonar og studentar vi møtte i løpet av opphaldet vårt, seier professor Yoon.

Skogbading i Notodden

Det akademiske programmet bestod mellom anna av deltaking saman med studentane våre i det internasjonale studiet Physical Education and Outdoor Learning kor dei fekk undervisning i emnet Friluftslivspedagogikk (Outdoor Education) i Lisleheradmarka.

– Eg er djupt imponert av kroppsøvings-lærarutdanninga i Noreg. Særleg har eg innsett eg at bodskapen om harmoni med naturen er noko av det viktigaste for å lykkast med god utdanning, seier INU-student Geon Kang.

Medstudent Damwon Lee legg til:

– For meg, som ønskjer å bli kroppsøvingslærar, gav besøket til Noreg meg ei rekkje viktige førstehanderfaringar, inkludert å oppleve norsk friluftsliv. Eg vil gjerne komme tilbake ein gong for å studere friluftslivspedagogikk i Noreg, seier INU-student. 

LES OGSÅ: – The meaning of «Friluftsliv» - Universitetet i Sørøst-Norge (usn.no)

Dei sør-koreanske studentane og professor Yoon vitja òg Notodden ungdomsskule og Notodden vidaregåande skule, der dei blei kjende med norsk skule, elevar og lærarar, og observerte kroppsøvingsundervisninga.

«Skulesprint»

Det vart i løpet av veka gjennomført seminar, der fleire frå faggruppa kroppsøving deltok og presenterte forskinga si om kroppsøving, uteskule og friluftsliv, og dei praktiske og estetiske faga i Noreg.

Professor Yoon heldt forelesing om kroppsøving i skulen og om kroppsøvingslærarutdanning i Sør-Korea. Dei internasjonale studentane bidrog med spørsmål til diskusjon.

Den tradisjonelle orienteringsdagen for grunnskuleelevar på campus Notodden, «Skulesprinten», var òg ein del av programmet.

co-funded by the erasmus+ programme of the european union