Bergseminaret: Eit nytt kunnskapskapittel på Kongsberg

F.v.: Geir Håøy, adm.dir og konsernsjef i Kongsberg Gruppen, USN-rektor Pia Bing-Jonsson, Kongsbergs ordfører Line Spiten og minister Oddmund Hoel utenfor Bergseminaret.
NY AKTIVITET: Kongsberg Gruppen og Universitetet i Søraust-Noreg har flytta inn i Bergseminaret i Kongsberg. Den ærverdige bygningen vart reåpnet 19. juni av konsernsjef Geir Håøy (til venstre), rektor Pia Cecilie Bing-Jonsson, ordførar Line Spiten og minister Oddmund Løkensgard Hoel. (Foto: Foto: Ingvild Gjone Sildnes)

Kongsberg Gruppen og Universitetet i Søraust-Noreg skal fylle Bergseminaret med nytt iv og skape eit levande laboratorium for kunnskapsbasert og teknologidriven innovasjon.

Bergseminaret i Kongsberg vart grunnlagt i 1757, og var ein av Europas eldste institusjonar for høgare utdanning innan bergteknikk. I desember 2023 kjøpte Kongsberg Gruppen ASA den historiske bygningen, og vil disponere Bergseminaret saman med Universitetet i Søraust-Noreg (USN).

– Det er 267 år sidan Bergseminaret fyrst blei oppretta. I veggane her bur historia om korleis vi har bygd nasjonen Noreg. Ein nasjon vi er stolte av – av mange årsaker. Noko av det som gjer meg aller mest stolt, er korleis vi har bygd landet med kunnskap, uttalte minister for høgare utdanning og forsking, Oddmund Løkensgard Hoel, under gjenopninga 19. juni.

– Ei oppskrift frå 1700-talet

Tilsette og leiing på USN og Kongsberg Gruppen, studentar og USN-styret, ministeren og Kongsberg-ordføraren Line Spiten (H) vart til stade da bygningen fekk sin offisielle gjenopning.

Ministeren understreka at samarbeidet mellom høgare utdanning og arbeids- og næringsliv er nettopp det han misjonerer.

– At akademia og næringslivet må samarbeide meir, er det eg gjentek igjen og igjen når eg reiser rundt i landet. Det er ikkje noka ny oppskrift – det er ei oppskrift frå 1700-talet! Det er ei oppskrift som pionerar her i Kongsberg var med på å skrive. USN og Kongsberg Gruppen, eg vil takke dykk for at de no tek Bergseminaret heimatt, sa ministeren. 

Minister Oddmund Hoel står foran forsamlingen inne i Bergseminaret og holder tale

Yre av studentliv

Kongsberg Gruppen og USN har inngått ein samarbeidsavtale der målet er å vidareutvikle og styrkje fagleg samarbeid om forsking, utvikling og utdanning. Den 900 kvadratmeter store bygningen med ei rekkje rom og møteplassar, bidra til å levandegjere avalen.

Igjen skal Bergseminaret yre av studentliv og bidra til å møte utfordringane i framtida. Bygningen skal leggje til rette for samarbeid mellom akademia og industri i eit levande laboratorium for kunnskapsbasert og teknologidriven innovasjon.

– Vi vil etablere ein felles arena for fagleg samarbeid som fører vidare den historiske arven til Bergseminaret, og som samtidig bidreg til å møte utfordringane i framtida gjennom tverrfagleg samarbeid om utvikling, formidling og bruk av teknologi, sa USN-rektor Pia Bing-Jonsson.

Ho trur at avtalen kan styrkje attraktivitet til Kongsberg som teknologiby og studiestad.

 

 

For framtidige generasjonar

Sidan overtakinga for seks månader sidan har rundt 50 menneske frå Kongsberg Gruppen, USN og lokalt næringsliv vore med på å få i stand store delar av bygningen.

Det har vorte utført sikring av takstein, oppussing av Auditoriesalen og andre rom, måling og plantning utandørs.

Framover blir det planlagt oppussing av alle rom innandørs, restaurering av bygg utandørs, oppgradering av Seminarhagen, oppussing og omgjering av vaktmeisterbustad til Makerspace-laboratorium og på sikt klargjering av urtehagen for bruk. Det blir også jobba med å etablere energieffektive løysingar for bygget. 

– Dette er ein stor dag for Kongsberg by, Kongsberg Gruppen, for USN og for alle vi som er glade i kunnskap og teknologi. No skal vi fylle bygningen med nytt liv. Saman med USN skal vi skape felles nytteverdi gjennom utdanning, forsking og framtidsretta teknologilaber. Dette til det beste for dagens og framtidige generasjonar, uttalte administrerande direktør og konsernsjef i Kongsberg Gruppen, Geir Håøy.