Forskingsdagane på USN

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival i regi av Noregs forskingsråd. Festivalen blir halden i veke 38 og 39 kvart år, og han er ei fin anledning til å bli kjend med forskinga ved USN.  

Program

Universitetet i Søraust-Noreg står for ein rekke arrangement i Buskerud, Telemark og Vestfold. Festivalklare forskarar børster av seg støvet og reiser ut til gøyale scener og rom for å dele av kunnskapen og innsikta si om alt frå havvind til eldrebølgen. 

Kva er Forskingsdagane?

Forskingsdagane er ein årleg, nasjonal forskingsfestival i regi av Noregs forskingsråd (NFR), der målet er å skape begeistring og forståing for forsking blant ålmenta.

keyboard_backspace Den nasjonale Forskingsdagane-sida

Årets tema: «Helse»

Les meir om tema for årets festival (forskningsdagene.no).

Helsetema omfattar vår eigen fysiske og psykiske helse, men også dyrehelse og helse i hav, jord og anna natur. Sunn og berekraftig mat for dyr og mennekser er eit viktig aspekt ved helse. Kultur og friluftsliv kan og bety mykje for helsa vår. Fleire av FNs berekraftsmål handlar nettopp om helse, ernæring og tilgang på reint vatn. Også berekraftsmåla om livet i havet og i livet på land har stor relevans for helse. 

USN har fleire arrangement knytt til helse, men óg arrangement om andre viktige tema.